Sokneråd

Medlemer:  

Solveig Abelone Midtgarden  Leiar

Sigrun Rørdal Rekvik   Nestleiar

Inger Olaug Angell     

Berthe Tysvær Hegglid

Annlaug Bergland

Gunnar Birger Grunnvik

Varamedlemer:

1.Kari Anne Noraberg

2.Marcus Erwin Friedrich Dahler

3.Tone Susanne Kvasjord

4.Thor Storerud

5.Gunnlaug Bergstøl Kiland

Representant frå kommunen:

Kjell Sverre Thoresen

"Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan vekke og nære  det  kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis trosopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet "

Fra # 9 i kirkeloven.

VISJON I DEN NORSKE KYRKJA 


Kyrkja vitnar i ord og gjerning om frelse, fridom og håp i Jesus Kristus
ved å vere
vedkjennande
Vi vedkjenner trua på og tilber den treeinige Gud saman med den verdsvide kyrkja.
open
Vi er eit fellesskap prega av likeverd, deltaking og respekt for mangfald.
tenande
Vi viser miskunn, fremjar rettferd og vernar om skaparverket.
misjonerande
Vi vitnar om Jesus Kristus lokalt og globalt.
I perioden 2019–2021 skal vi arbeide for at:
1. Gudstenestelivet blomstrar.
2. Fleire søkjer dåp og trusopplæring.
3. Kunst- og kulturuttrykk er ein del av kyrkja sitt liv.
4. Kyrkja engasjerer seg i samfunnet.
5. Fleire finn sin plass i kyrkjeleg arbeid.
6. Kyrkja skaper trygge rom.
7. Kyrkja har ein demokratisk og velfungerande organisasjon.
DEN NORSKE KYRKJA
- ei evangelisk-luthersk folkekyrkje
Vedteke av Kyrkjemøtet, april 2018
Gudstenestelivet blomstrar:
• Gudstenesta gir eit møte med det heilage, med Gud.
• Gudstenesta er eit ope, deltakande og inkluderande fellesskap.
• Gudstenesta knyter oss til den verdsvide kyrkja.
• Kyrkja har vigslar der vi feirar kjærleiken, og ber om Guds
signing over ekteskapet.
• Kyrkja lar etterlatne møte omsorg og få oppleve ei verdig
gravferd.
• Kyrkja varetar og fornyar kyrkjemusikken.
Fleire søkjer dåp og trusopplæring:
• Medlemmer i Den norske kyrkja ber barna sine til dåpen.
• Alle døypte og tilhøyrande i alderen 0−18 år blir inviterte til
trusopplæring som gjer at dei kjenner seg heime i kyrkja, og
som gir kunnskap om kristen tru.
• Fleire barn og unge deltar i barne- og ungdomsarbeid i
kyrkjelyden og i dei frivillige organisasjonane som er knytte til
kyrkja.
• Konfirmasjonstida gir fellesskap og næring til tru og liv.
• Kyrkja legg til rette for menneske med funksjonsnedsetting.
• Aldersgruppa 18−30 år erfarer at kyrkja er relevant, livsnær og
tilgjengeleg.
• Kyrkja har trusopplæring for vaksne.
• Kyrkja deler evangeliet gjennom ord, nærvær og handling,
lokalt og globalt.
• Samisk kyrkjeliv er livskraftig og likeverdig og i stadig fornying
og utvikling. Samisk språk og kultur blir varetatt i gudstenestelivet og trusopplæringa.
• Kvensk språk og kultur blir varetatt i gudstenestelivet og trusopplæringa.
• Teiknspråket og døve sin kultur blir varetatt i gudstenestelivet
og trusopplæringa.
Kunst- og kulturuttrykk er ein del av
kyrkja sitt liv:
• Kyrkja skaper rom for ulike uttrykk gjennom kunst og kultur,
særleg for unge.
• Kyrkja arbeider målretta med rekruttering innan kyrkjemusikk.
• Kyrkja er ein relevant samarbeidspartner for kulturlivet elles.
• Kyrkja som kulturarena er ein berebjelke i folkekyrkja sin plass
i samfunnet.
• Kyrkja er ein aktiv forvaltar av salmeskatten.
Kyrkja engasjerer seg i samfunnet:
• Kyrkja fremjar menneskeverd, fred, menneskerettar og vern
om skaparverket.
• I samarbeid mellom kyrkjelydar og diakonale institusjonar
fremjar kyrkja omsorg, rettferd og respekt.
• Kyrkja stimulerer menneske til aktivt samfunnsengasjement.
• Kyrkja samarbeider med styresmakter, livssynssamfunn og
ulike organisasjonar i sitt samfunnsoppdrag.
• Kyrkja er aktiv og synleg i media.
• Kyrkja styrkjer samarbeidet med skolar og barnehagar.
• Kyrkja oppsøkjer og tilbyr fellesskap til dei som er nye i
Noreg.
• Kyrkja fremjar religionsdialog lokalt, regionalt og nasjonalt.
Fleire finn sin plass i kyrkjeleg arbeid:
• Kyrkja inspirerer til deltaking i frivillig teneste.
• Kyrkja sikrar gode arbeidsforhold for sine frivillige og
tilsette.
• Kyrkja styrkjer rekruttering til kyrkjeleg utdanning.
• Kyrkja medverkar til at fleire søkjer kyrkjelege stillingar.
Kyrkja skaper trygge rom:
• Alle menneske har ukrenkeleg verdi.
• Kyrkja deltek i arbeid mot undertrykking og alle former for
vald og overgrep.
• Kyrkja fremjer språk for, og samtale om, grenser, makt og
seksualitet.
• Kyrkja deltek i #metoo-bevegelsen, #torsdagerisvart og
tilsvarande.
Kyrkja har ein dem0kratisk og
velfungerande organisasjon:
• Kyrkja har demokratiske ordningar som sikrar at ho blir styrt
i samsvar med grunnlaget sitt og ønska til kyrkjemedlemmene.
• Kyrkja styrkjer ungdomsdemokratiet, særleg lokalt og
regionalt.
• Kyrkja arbeider fram ei kyrkjeordning som varetar både
lokal tilknyting og heilskapleg styring

Soknerådet har møte i Fyresdal næringshage.

Soknerådet har møte i Fyresdal næringshage.