Sjelesorg - samtale

I kyrkja er praksisen  med og moglegheiten for sjelesorg  viktig. Det inngår i utdanninga til mange kyrkjelege medarbeidarar, t.d. prestar og diakonar. Men ordet sjelesorg er uvant for mange. Lett å tenkje at det har noko med sorg å gjera. Nei, ordet kjem  frå tysk og handlar om omsorg, ikkje sorg. Omsorg for sjela, altså.  Men ein kan sjølvsagt også tala om sorg i sjelesorg.

Johan Arnt Wesaas har tre kriteriar for dette: det skal skje i ei kristen kontekst, det skal handle om sjela eller det indre livet, og samtalen skal vera konkret og personleg.

Ei sjelesorgsamtale kan handle om det meste. Ei treng ikkje vera kristen for å gå til sjelesorg, og ein treng ikkje gå til sjelesorg for å tala om kristne tema. Men om ein ynskjar, kan man og ta opp dette. Ei samtale kan ein ha ein gong eller fleire gonger. Ei samtale bør til vanleg ikkje vere lenger enn ei time.

I sjelesorga har prest eller  anna person teieplikt. 

Sjelesorg treng ikkje vere hos ei fagperson. Ei samtale med eit familiemedlem eller ei person ein har tillit til er ofte veldig bra. Personlege eigenskapar er viktige , men  det er gjerne personar i  kyrkja og helsetenesta som har lovbestemt teieplikt.

I nokre høve treng folk fagleg hjelp av t.d. psykiater, lege eller  psykolog. Ikkje ver redd for å ta kontakt med helsevesenet.

Alle tema kan tas opp i ei sjelesorgsamtale, om dei handlar om livet, om personlege ting. Men har vi ei fysisk ting går vi naturleg nok til legen.

Mange kan tenkje at det høyrast veldig alvorleg å be om sjelesorg. Men ein treng ikkje kalla det sjelesorg, ein kan t.d. be om ei samtale om noko kvardagsleg.

Velkomen til samtale og/eller sjelesorg!

Tore S