Soknebud - kva er det ?

Soknebud er ein gammal tradisjon i kyrkja.Personar som er sjuke,døande eller har vanskeleg for å komma seg i kyrkja, kan be ein prest ( evt. ein diakon) om å komma heim til seg ( evt. til sjukeheimen). Då samtalar personen og presten om kva dei ynskjer, om det t.d. er ynskje om nattverd. Då har ein eit eige ritual for dette.

Ein startar gjerne med ei salme,så litt skriftlesning, bøn og Fadervår, før ein forrettar nattverd. Til slutt syng ein gjerne ei salme, og lysar velsigninga. Familiemedlemmar og andre som er til stades kan gjerne vere med på dette. Til  vanleg vil presten ha på prestekjole under seremonien. Kyrkja eig eit eige nattverdsett til dette (sjå bilete). Ta kontakt med prest om du ynskjer soknebud. Pårørande kan og tilkalla prest, også på kveld og på  laurdagar og sundagar.Tlf 48090970.