Deilig er jorden?
Rammene rundt årets julefeiring er annleis enn på svært mange år. Krigen i Ukraina truger freden i heile vår region. Vi opplev aukande fattigdom og stadig fleir som slit økonomisk med å få endene til å møtast. Klimakrisa set òg sine spor. Kan vi også i år syngje «Deilig er jorden» med dette bakteppet? Det verker vanskelegare om vi ser rundt kvarandre. Alt er ikkje så deilig som det var.
Denne salmen ble skrevet berre nokre få veker etter at eit stort slag hadde funnet sted vårt granneland Danmark i 1850. Sytti tusen soldatar deltok, og mange døyde. Salmen kom først ut med tittelen «Pilegrimssong». Den er ei trassig protest, meir enn ei beskriving av verkelegheita vi lev i. Det siste verset slutar med «Fred over jorden, menneske fryd deg! Oss er en evig Frelser født!»
Vi feirar jul fordi vi trur at det skjedde noko som fekk konsekvensar for vår urolege verden då Jesus vart fødd. Gud kom til jorda, og det endra vår situasjon.
I år er det åtti år sidan slaget om Stalingrad. Eit av dei største og mest avgjerande slagene under 2. verdskrig, fann sted. Kurt Reuber var lege og tenestegjorde i den 16. panserdivisjonen på tysk side. Han var òg ein gåverik amatørkunstnar. Like før jul i 1942 omgjorde han bunkeren sin på steppene nordvest for Stalingrad til eit atelier, og begynte å teikne på baksida av eit erobra russisk kart – det einaste papirstykket han fann. Då teikninga var ferdig, hengde Reuber den opp i bunkeren. Bildet viser ei mor (madonna) som held sitt nyfødde barn tett inntil brystet sitt. Biletet blei eit alter for soldatane. Dei strøymte til, og de fekk ei jul dei aldri gløymte.
På dette biletet står det òg tre ord som beskriv jula sitt innhald: Licht (Lys), Leben (Liv), Liebe (Kjærleik). Tre ord som beskriv han vi feirar i jula. Jesus er verdas lys. Et annleis lys som gjer at vi ikkje treng å vandre i stummande mørke sjølv om jorda ikkje er så fager som den var fordi Jesus har lova å gå med oss. Om det lyset står det også: «Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det. (Joh. 1,5)».
Jula handlar òg om Guds store kjærleik. Jesus er kjærleik. Vist for alle når han gir sitt liv for sine vener. Kjærleik er verdas sterkaste kraft. Vi seier når vi feirar nattverd: «Deg være ære, for kjærleiken som er sterkare enn døden.»
«Eg er Livet», seier Jesus. Aller tydelegast bevist når han står opp frå dei døde. Livet sigrar til slutt. Det er ikkje dødskreftene som får det siste ordet likevel. Ved Jesu oppstandelse har vi fått eit levande håp.
På grunn av noko som skjedde i vår historie for litt over to tusen år sidan, kan vi på tross av det vi opplever rundt oss av krevjande kriser likevel synge «Deilig er jorden. Menneske fryd deg. Oss er en evig frelser født!»
Ei velsigna jul!
Stein Reinertsen
Biskop i Agder og Telemark