Det kom inn fire søkjarar til stillinga som kyrkjetenar / gravplassarbeidar i Fyresdal:
Jørgen Svensson Aspheim, f. 1999, 3790 Helle
Laje Bendik Gaaren, f. 1991, 3870 Fyresdal
Jan Robert Meyer, f. 1975, 3855 Treungen
Johnny Vesterdal, f. 1988, 3855 Treungen
(Søkjarane er ordna i alfabetisk rekkjefylgje.)
Laje Bendik Gaaren er av Fyresdal sokneråd den 28.02.2024, tilsett som kyrkjetenar / gravplassarbeidar i 100% stilling frå 15.mai 2024.
Vi gjer merksam på at kyrkjeverje Else Berit Mandt Gaaren har vore inhabil i tilsetjingsprosessen.
I kyrkja er praksisen med og moglegheiten for sjelesorg viktig. Det inngår i utdanninga til mange kyrkjelege medarbeidarar, t.d. prestar og diakonar. Men ordet sjelesorg er uvant for mange. Lett å tenkje at det har noko med sorg å gjera. Nei, ordet kjem frå tysk og handlar om omsorg, ikkje sorg. Omsorg for sjela, altså. Men ein kan sjølvsagt også tala om sorg i sjelesorg.
Johan Arnt Wesaas har tre kriteriar for dette: det skal skje i ei kristen kontekst, det skal handle om sjela eller det indre livet, og samtalen skal vera konkret og personleg.
Ei sjelesorgsamtale kan handle om det meste. Ei treng ikkje vera kristen for å gå til sjelesorg, og ein treng ikkje gå til sjelesorg for å tala om kristne tema. Men om ein ynskjar, kan man og ta opp dette. Ei samtale kan ein ha ein gong eller fleire gonger. Ei samtale bør til vanleg ikkje vere lenger enn ei time.
I sjelesorga har prest eller anna person teieplikt.
Sjelesorg treng ikkje vere hos ei fagperson. Ei samtale med eit familiemedlem eller ei person ein har tillit til er ofte veldig bra. Personlege eigenskapar er viktige , men det er gjerne personar i kyrkja og helsetenesta som har lovbestemt teieplikt.
I nokre høve treng folk fagleg hjelp av t.d. psykiater, lege eller psykolog. Ikkje ver redd for å ta kontakt med helsevesenet.
Alle tema kan tas opp i ei sjelesorgsamtale, om dei handlar om livet, om personlege ting. Men har vi ei fysisk ting går vi naturleg nok til legen.
Mange kan tenkje at det høyrast veldig alvorleg å be om sjelesorg. Men ein treng ikkje kalla det sjelesorg, ein kan t.d. be om ei samtale om noko kvardagsleg.
Velkomen til samtale og/eller sjelesorg!
Tore S