Øvre Telemark prosti

Prosten

Prosten

Prostiet:Den norske kyrkja i Fyresdal  er ein del av Øvre Telemark prosti. Fram til 1.1.2015 tilhøyrde ein Vest-Telemark prosti ( Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Tokke  , Vinje og Seljord). No er prostiet det største i landet etter Indre Finnmark prosti. Desse kommunane er også med i prostiet: Tinn, Hjartdal, Notodden, Midt-Telemark (tidl. Bø og Sauherad) og Nome.

Prost er Asgeir Sele. Han har kontor i Seljord, og ca ein gong i månaden er det tjenestekonferanse for prestane , og dei er gjerne i Seljord. Kvar tysdag har vi møte på zoom frå kl 8-8.30. Prosten er eit mellomledd mellom biskop og prest.

Konfirmantane har eit tilbod i prostiet, som vert kalla "Ønsket og elsket". Dei arrangerar to sommarleire for konfirmantane på Gjennnestad vidaregåande skule i Stokke. Denne varar frå måndag til laurdag. Det er tre tilsette i "Ønsket og elsket", og dei driv og med kursing og upplegg for å utdanna ungdomsleiarar. Det er og nokre felles dagar i samband med Kirkens nødhjelp-aksjonen og "Kick-off" for nye konfirmantar. Leiaren for  dette er ungdomsprest Petter Jakobsen, kontoret er i Seljord.

Beredskap  Heile prostiet er eit område for beredskap. Ein prest har vakt frå onsdag kl 15 til neste onsdag kl 9. Kvardagar er det beredskap  frå kl 15, til kl 9. Laurdag, sundag og måndag er det beredskap heile dagen. Kan tilkallast ved kriser eller særskilte høve. Politiet kan nytta beredskapspresten til t.d. å gå med dødsbod.

Prostidiakon  I det som før var Vest-Telemark prosti, har vi ein prostidiakon, Eilev Erikstein. Han har kontor på Dalen i Tokke. Har podcasten "Diakonalgang", sjekk ut på  Spotify.

Prostiet har egen facebookside (Øvre Telemark prosti), samt en vanlig hjemmeside ovre.telemark.Denne er ikke mye brukt for tiden.